Høines, gardsnummer 43, bruksnummer 11 og 12 - det er mitt utgangspunkt.

Historiebloggen til Marit Elisebet Totland
Høines g.nr 43, br.nr 11 er mitt utgangspunkt, bokstavlig talt, siden det var der jeg vokste opp og slet mine barnesko, som farfar flittig lappet og stelte. "Løft føttene når du går!", var hans formaning. Siden jeg er datter til far, Rolf, - med stor historieinteresse og datter til mor, Inga, med stor slektshistorie-interesse, er det helt naturlig at jeg prøver å samle mest mulig av familiens og hjemstedets historie.

Fortiden fasinerer. Levekåra var så annerledes. Det holder det ikke bare å se nærmere på egen gårdshistorie for å forstå fortiden. Perspektivet må utvides. Jeg er derfor på leiting etter alt av interesse som kan fortelles: "Det var en gang.."

Forseggjorte offentlege dokument:

mandag 23. april 2012

Kven gløymde å fortelja kor kong Magnus Lagabøte blei gravlagd?

Kong Magnus Lagabøte er funnen i veggen i Bergen domkyrkje etter 732 år.

732 år er lang tid, og sjølvsagt kan mykje gløymast på så lang tid. Spørsmålet er berre: Kva tid glapp det? Kven var det som gløymde å fortelja vidare til neste generasjon kor grava var?

Eg har fleire gonger vore på Gran på Hadeland og besøkt systerkyrkjene. Det er mange hypoteser om kvifor det er to slik like kyrkjer langt ute på landsbygda, men ingen veit heilt sikkert.
Dei som bygde kyrkje nummer to visste heilt sikkert kva dei gjorde. Kvifor blei dette gløymd? Kven gløymde å fortelja det vidare?

Svartedauden la bygder aude. Skrivekyndige folk forsvann. Mykje historie gjekk bokstavleg talt i grava med dei. Eller er det slik at det har vore så tøffe tider, at folk har hatt meir enn nok med å klara kvardagane, om dei ikkje i tillegg skulle fortelja historia?

Me får aldri svaret. Men me får ei påminning om at det er viktig å bringa vidare historia til neste generasjon. Og det må gjerast av kvar einaste generasjon, elles blir historia vekke.

Derfor bør me oppgradera historiefortellinga. Fortell lokalhistoria vidare.
Sett i gong: Det var ein gong..

tirsdag 17. april 2012

Tresko, opphavet til ordet "sabotasje"



Tresko er gått av moten, i alle høve dei som er laga berre av tre. Dei treskoa vi finn på føtene til sjukepleiarar og kokkar i dag, har fint, mjukt overler. Men her er det snakk om skikkelege tresko.

Treskoa har vandra frå sin eigentlege samanheng, og har gitt oss nye uttrykk. Me finn det til dømes i treskoposten; meldingar som går frå hus til hus utan at postmannen hjelper til. Dei har eigne bein å gå på, for ikkje å seia eigne tresko å gå med.

Eit anna treskouttrykk som blir vel så mykje nytta, er ordet sabotasje. ”Saboter” er nemleg det franske ordet for å gå i tresko. Sidan dette er ei noko ukjend tyding av ordet, tar me Aschehoug og Gyldendals Store Norske leksikon til sanningsvitne: ”Kampmetode under arbeidskonflikt, består i å beskadigelse av maskiner andre produksjonsmidler og produkter.”
Den franske landsorganisasjonen CGT tok allereie i 1897 i bruk sabotasje som reiskap i sine kampar. Og på den tida var det heilt naturleg å gå laus på maskinane med tresko, ja, om ein då skulle gå laus på dei.

Skomakar, bli ved din lest.
I dag er det fleire enn skomakarane som får høyra at dei skal bli ved sin lest. For meg er "lest" eit ord som fører meg til bardomen, til verkstaden til farfar. Han sat i kjellaren og lappa sko. Og ikkje berre det; han sydde faktisk sine eigne sko. I og med at han hadde hofteproblem, måtte han ha spesialsydde sko.

Eg kunne sitja i lange tider å sjå han arbeida. Luktene hugsar eg enno; bek og ler, godt blanda med snus.  Eg blei like imponert kvar gong han putta trespikrane i munnen for å ha hendene fri under arbeidet.

På biletet har eg prøvd å gjenskapa verkstaden til farfar med det verktøyet han nytta. 

Skomakerveien
På Høines har skomakaren sett varige spor. Adressa til den gamle skomakarverkstaden er no "Skomakerveien". Det var fleire skomakarar på vegen oppover mot Hålandshøgda i tidlegare tider, men farfar er nok den einaste som folk i dag hugsar.
 

tirsdag 3. april 2012

Kvinnherad - verd å oppleva, no som før!




- "Levde du i gamle dagar?"

Overrumpla av spørsmålet må tanken gjera eit byks. Nei da. Jo, forresten: Jo, det gjorde eg sjølvsagt. Oppvaksen på 60-talet, levde eg i gamle dagar; då me bar telt og soveposar på ryggen og tok ferje og buss på familie-telttur og besteforeldrene mine spanderte drosje for å oppleva blomstringa i Hardanger. Stua inn i ein drosje, med drosjeeigaren bak rattet, farfar i framsetet og resten av familien; farmor, mor, far, bror min og meg i baksetet, bar det av garde nordover.

Det vart eit eventyr: Far fortalte eventyrlege historier undervegs, mens han dampa på pipa fullt med "Eventyrblanding", hans favoritt tobakksmerke.

Nokre bilete festa seg i minnet frå denne turen: Kjøtkaker på hotellet i Rosendal med påfølgjande leik i fjæresteinane, å sjå snøen på dei majestetiske fjelltoppane når det var sommartemperatur der eg var, fossande vatn som fauk over vegen og trefte meg i andletet om vindauga stod ope, (ikkje berre vassrett vatn i regnbygene som eg var van med frå Karmøy). I tillegg har eg eit fotografi som viser ein mann som stikk hovudet gjennom holet i eit av dei eldgamle trea på baroniet. At me var på det ærverdige baroniet i Rosendal, hugsa eg ikkje, men biletet lyg ikkje.

No er eg fastbuande her, og gjenopplever turen med jamne mellomrom. Baroniet har eg sett med vaksne briller og historia om livet der har fasinert meg. Og på Halsnøy kan ein få ei aning av klosterliv med tidebøner og munkar. Naturen nyt eg i fulle drag. Har me gjester, må dei vera med opp i fjellet, til fots eller i bil, og  etterpå må dei til fjorden, enten til næraste stranda, fem minuttar å gå frå der eg bur, eller ut på ein holme for å nyta freden og kaffikoppen. Til middag blir det Sundepølsa, laga ikkje langt herifrå, og kålrabistappe med tytebær plukka rett opp i lia her på Husnes. Lokal mat må til!

Vil eg ha noko meir - for auga eller øyra, er det utstillingar og konsertar, titt og ofte, både her og der.

Kvinnherad heiter den flotte kommunen eg bur i. Velkomen hit, - for å bu her eller for å feriera!

I dag har eg nytta vårlyset til å måla eit lite gløtt av Hardanger, slik det snart blir sjåande ut. Dottera har hatt med seg tyske vener, studentar, ein tur på Baroniet. Og det er kjekt å høyra at parken og staden framleis fasinerer dei som tar turen dit.

..

Fleire bilete finn du på Galleri Nauthydlaren