Høines, gardsnummer 43, bruksnummer 11 og 12 - det er mitt utgangspunkt.

Historiebloggen til Marit Elisebet Totland
Høines g.nr 43, br.nr 11 er mitt utgangspunkt, bokstavlig talt, siden det var der jeg vokste opp og slet mine barnesko, som farfar flittig lappet og stelte. "Løft føttene når du går!", var hans formaning. Siden jeg er datter til far, Rolf, - med stor historieinteresse og datter til mor, Inga, med stor slektshistorie-interesse, er det helt naturlig at jeg prøver å samle mest mulig av familiens og hjemstedets historie.

Fortiden fasinerer. Levekåra var så annerledes. Det holder det ikke bare å se nærmere på egen gårdshistorie for å forstå fortiden. Perspektivet må utvides. Jeg er derfor på leiting etter alt av interesse som kan fortelles: "Det var en gang.."

Forseggjorte offentlege dokument:

søndag 3. juli 2011

Reglar for kor bilda skal hengast opp i ein heim




Du har eit fint foto eller eit maleri som du skal finne plass til i heimen din. Kor plasserer du det?
For du veit vel at du ikkje kan plassere det kor som helst, -ikkje om du skal følge reglnae for ein finare engelsk heim som Willaiam Salmon lista opp i ei bok i 1675:


"La hallen utsmykka med måleri av hyrdar, bønder, budeier, saueflokkar og liknande…

La trappeoppgangen ha bilde av imponerande monument og bygningar, anten dei er nye eller i ruinar, slik at folk kan sjå dei når ei går forbi.

La måleri av landskap, jakt, fugle-jakt, fiske, moderne og antikke historier pryde det store kammeret, men mottakingsrommet bør ha bilde av lystige emne, som Bacchus, kentaurer, satyrar og liknande, men unngå alle obskøne motiv.

Det er i galleriet ein plasserer dei beste bilda, særlig historiske måleri, for der kan ein gå roleg og sjå på og studere dei, oppleve velvære, vurdere og bedømme dei.

I soverommet hengjer ein opp bilde av sin eigen familie, kone og barn, for det er det mest private rommet. Ein av grunnane til det er at ein unngår - dersom ein har ei svært vakker kone - at ein gjest skal sjå lenge og grådig på henne og kommentere arbeidet på grunn av henne."


Måleriet ovafor som eg nett har måla etter å ha gått  i munkane sine fotefar på Halsnøy kloster , skal då kan henda hengja i trappeoppgangen?

..............

Fleire av bileta eg har måla kan du sjå på det digitale galleriet mitt her 
Velkomen innom

1 kommentar:

  1. Jeg vet hvor jeg ville ha det.
    Slik at det var det første jeg så når jeg våknet og det siste jeg så før jeg sovnet.

    SvarSlett